Denne linja er for alle som har interesse og lidenskap for E-sport. Linja bygger rundt prinsippet om breiddeidrett, og vi ønskjer alle velkommen, uavhengig av nivå. Det viktigaste er at du er motivert til å bli betre, og lyst til å utfordre deg sjølv. På E-Sport Aktiv brukar vi både gymsal og treningsstudioet i undervisninga. Vi ser i større og større grad at fysisk trening i E-Sport virkar prestasjonsfremjande for utøvarane. På treningsstudiet vil du få hjelp til å lage eit program som passar til deg. Vi skal også prøve oss i klatreveggen.
Gaming & E-sport haust
Ynskjer du å ha det kjekt med favorittspela dine, eller fordjupe deg i hovudspelet ditt? På linja Gaming & E-sport får du kombinere lidenskapen for dataspel med ein aktiv og sosial kvardag.
Gaming har blitt stort dei siste åra, og er ein naturleg del av ungdom sin kvardag. Her kan du kan kombinere å utvikle deg innanfor gaming, saman med andre. Det blir også lagt til rette for idrett og leik, då vi har eige treningsstudio og verdas vakraste natur rett utanfor skuledøra!
Uansett bakgrunn og erfaring vil du trivest på Gaming & E-sport
- Taktikk
- Utvikle
- Spelforståelse
- Meistring
- LAN
- Treningsstudio
S-/A-tier turnering til utlandet!
Bli med og opplev CS på aller høgaste nivå, og ver ein del av den utrulege atmosfæra! På Gaming & E-sport vil vi i løpet av året reise på ei stor turnering der lag frå heile verda knivar om store premiepengar og mogelegheita til å løfte trofeet framfor tusenvis av fans. Her vil vi også utforske lokal kultur og prøve oss på aktivitetar som utfordrar og passar dei fleste!
Det er slik at datoane for dei store turneringane blir sleppt litt seinare enn det folkehøgskolar klarer gje ut av informasjon, men vi på Gaming & E-sport reiser på èi slik turnering per år. Dermed er det klart at destinasjonen vil være ulik frå år til år, og at vi er fleksible på kva turnering det blir og kva reisetidspunktet vert.
NB! Med atterhald om at det blir arrangert turneringar på hausten.
Galleri
- Gamingdesk
- Gamingstol
- Fiber med kabla tilkopling
- PC
- Skjerm.
- Tilbehør (t.d. headset, mikrofon, tastatur, mus)
Dette gjer vi
På linja vil vi gjere mykje forskjellig. Kvardagen vil bestå av speling, konkurransar, arbeid med aim, taktiske ferdigheiter og kommunikasjon. Vi gjer også andre aktivitetar som go-kart, paintball og escape room!
Årene mine på E-sport Aktiv har vore som ein draum. Eg har fått utfordret meg og utviklet meg innenfor E-sport og gaming som var hovudfokuset når eg kom til Sunnfjord. Sammtidig har eg fått prøvd meg på mykje forskjellig idrett og trening, der eg har sett betydelig fremgang. Alt det kombinert med eit fantastisk miljø der eg har funnet mange heilt fantastiske venner. Gjør at årene mine på Sunnfjord er uten tvil mine livs beste år!
Passar linja for mitt nivå?
Lars har konkurrert i landstoppen i CS:GO, og var aktiv utøvar frå 2014-2018. Ved sidan av dette har han drive mykje med fleire FPSar som Valorant, Overwatch og PUBG på høgt nivå.
Han har konkurrert på øverste nivå i Telia- og Altibox ligaen og FPL-C, og delteke i fleire internasjonale online turneringar som Quickshot Arena og Hitbox Invitational. Her har han mellom anna spelt mot spelarar som MSL, Xantares, k1to og frozen. Lars driv også med idrettar som handball, basketball, volleyball og squash.