Aldersgrense 18 år
- Aldersgrense er 18 år. Det betyr at du skal ha fylt 18 år i løpet av det kalenderåret skuleåret startar.
Unntak frå aldersgrensa
- Det blir gjort enkelte unntak frå 18-årsgrensa når grunnar tilseier det, og etter samtale med søkjaren og føresette.
Vilkår for elevar under 18 år
- Skulen har liberale internatreglar som inneber stor grad av personleg ansvar under fridom, grunna i at elevane er myndige. Same reglementet gjeld også for dei som er under 18 år.
- Eit vilkår for å få plass når ein er under 18 år, er at føresette og elev må signere på at dei tek ansvaret for at eleven kan innordne seg skulen sitt reglement.
- Skulen må forholde annleis seg til elevar under 18 år i enkelte saker. Slike forhold er mellom anna økonomiske saker, fråværs- og disiplinære saker. I slike saker blir føresette kontakta som ansvarshavande.
- Skulen kan også ta kontakt med føresette ved behov i alle saker.