Våre verdiar

Sunnfjord Folkehøgskule er ein kristen folkehøgskule. Det vil seie at vi ønskjer å tilby eit kristent fellesskap der vi formidlar det vi trur på.

Kristne verdiar er basis for undervisninga og dei miljøskapande aktivitetene. I dette ligg det også at alle er velkomne med sine eigne livssyn, same kva ståstad ein har og same kva tvil eller tru ein  har med seg. Kanskje du ikkje veit heilt, eller kanskje er du overbevist. Vi ønskjer at du sjølv skal eige din eigen identitet.

Skulen ønskjer å respektere at alle har rett til å ha si eiga tru eller ikkje-tru. Skulen forventar på same måten at alle elevane respekterer skulen sitt kristne verdisyn.

Skulen sin visjon er Verdensmeister i eige liv. Det betyr at vi ønskjer at alle våre elevar skal bli trygge på seg sjølv og dei menneska som er rundt oss. Vi skal utvide komfortsona slik at vi skal meistre vårt eige liv og verda vi lever i på best mulig måte.

Normisjon eig skulen, og vi vil gjennom opplegget vårt formidle kristen tru. Dette kjem til uttrykk gjennom felles morgonsamlingar, frivillige kveldssamlingar, samtalegrupper og vektlegging av dei kristne verdiane i undervisning og miljøarbeid.

Sunnfjord Folkehøgskule er ein av dei 34 kristne folkehøgskulane i Norge.

 

Reglement

  • Folkehøgskulen er eit lite samfunn der elevar og personale utgjer det heile. Kvar enkelt person er verdifull i det viktige samspelet som skal føregå dette skuleåret.
  • På folkehøgskulen lever vi tett innpå kvarandre. Difor er det viktig at vi viser respekt og omsorg for kvarandre og respekterer andre sine krav til arbeidsro og kvile.
  • Folkehøgskulen er ein arena for utvikling av heile mennesket.
  • Skulen har ordensreglar for dei områda der ein treng klare grenser. Vi er for eksempel tydelege på at vi er ein rusfri skule, og det du kan difor ikkje nyte eller oppbevare alkohol på skulen sitt område, eller opphalde deg i påverka tilstand på skulen.
  • Så lenge ein er elev ved Sunnfjord Folkehøgskule, representerer ein også skulen i nærområdet.
  • All undervisning og fellesarrangement har obligatisk oppmøte.