Tilpassa Sunnfjord

Tilpassa Sunnfjord er ikkje ei linje, men vårt omgrep for å fortelje at vi vil ein skule der alle skal vere ønska og velkomne, også om ein treng tilpassingar for å fungere bra. Elevar med spesielle behov er velkomne til å søke på Sunnfjord Folkehøgskule. Dette kan vere ulike typer utvklingshemming, rørslehemming eller anna funksjonshemming, eller det kan vere andre tilpasningsbehov, som til dømes at du har omsorg for eit lite barn.

Ofte små tilpassingar

Ofte er det berre små tilpassingar som skal til. Då søker du direkte på den linja du søker på. Pass på å lese det som står nede på linjesida om Tilpassing eller Tilrettelegging, og ta kontakt med skulen på epost så snart du veit at det er noko som kanskje bør tilpassast eller om du er usikker på det.

Bygningar
  • Vår bygningsmasse er delvis tilgjengeleg for rullestol
  • Våre bygg er ikkje universelt utforma, men vi legg til rette så godt vi kan for funksjonsnedsettingar.
  • Vi har fem rom einerom med bad og ti einerom utan bad.
  • Vi har to rom som er universelt utforma.
  • Vi har ein bygningsmasse frå -60, -70 og 80-talet med ramper til deler av internatet. 2. etasje har ikkje anna tilkomst enn trapper. Store deler av internatet blei renovert på 2000-talet med bad på rommet.
  • Vi har toalett i kvar etasje og på mange av romma.
  • Vi har tre HC-toalett
  • Vi har trappeheis mellom etasjane i skulebygg, i tillegg har begge inngangane tilgang utan trapper
  • Utearealet er asfaltert
  • Vi har automatisk døropning på internat og skulebygg
  • Lydforsterking: Fastmonterte lydanlegg i matsal og gymsal, Mobile høgtalaranlegg.
Mat

Vi tilbyr glutenfri mat, laktosefri mat og tilpassing til andre allergiar for dei som har legeattest. Gi oss beskjed i god tid slik at vi kan legge til rette for deg. Vi tilbyr også vegetar-mat til dei som ønskjer det. Om det er mat du ikkje kan ha av religiøse grunnar eller av andre årsaker, ta kontakt med oss.

Fagleg og sosialt

Vi tilpassar så langt det er mogleg slik at du kan delta på linje med dei andre.

Det kan f.eks. Vere:

  • Legge til rette for pausar
  • Finne alternative løysingar om aktivitetane blir for omfattande
  • Vi har fokus på ein god og trygg oppstart og eit inkluderande miljø
  • Vi har internatleiar, miljøarbeidarar og andre tilsette som du kan snakke med om du ønskjer det.

Ta kontakt med oss for å høyre kva vi kan gjere for å legge til rette for dine behov.

Uviklingshemming

Bestemme over sin eigen kvardag

Vi har ikkje tradisjonelle butreningstilbod eller andre klasser for elevar med spesielle behov, slik ein del andre folkehøgskular har. I staden ønskjer vi i størst mogleg grad at elevar med ulike funksjonsevner er saman om det meste.

Grunntanken er at også elevar med tilpasningsbehov skal få vere med å bestemme over sin eigen kvardagetter kva dei synes er meiningsfullt å vere med på. Difor er målet at dei skal så langt det let seg gjere vere med på ei av dei eksisterande linjene våre.

Ekstra ressursar

Ved utviklingshemming trengs det som regel ekstra ressursar for at desse ønskja skal la seg gjennomføre.

Det er avgrensingar for kva linjer elevar med tilpasningsbehov kan vere med på, det kan vere ulikt etter kva type utviklingshemming det gjeld. Akkurat som med folk flest, forøvrig.

Opptaksdato

Elevar som søkjer på særskilt grunnlag kan få tildelt plass før 1. februar – som er den generelle datoen for opptaksstart – gjerne på haustsemesteret. Søk tidleg! Send gjerne ein epost til rektor, eller bruk søk-knappen!

Funksjonshemming og andre behov

Vi har fem enkeltrom m/dusj og toalett som først og fremst blir prioriterte for dei av elevane som har spesielle helsemessige behov. Skulle dette gjelde deg, bed vi deg ta kontakt med skulen og legge fram dokumentasjon. Så langt det er råd, vil vi prøve å etterkome ditt romønskje, men vi kan ikkje garantere at vi greier det.

Rullestol?

Vi har rullestolheis inne i hovudbygningen som gir tilgang til matsal og undervisningslokale.

Har du barn?

Vi har også tre små leiligheter i internatet, det er difor mogleg å gå på vår skule dersom du har et lite barn. Skulen eig Solvang barnehage, og det er mogleg å søke barnehageplass her.

Pris

Prisen vil variere alt etter kva linje du skal følgje! Prisen som ligg inne er eit døme. Ta kontakt med skulen for å finne ut kva prisen for eit skuleår vil bli.