Bistandsprosjekt

Kamam Folk High School 

Sunnfjord Folkehøgskule har  i samarbeid med KM Global sidan 2014 vore aktivt med på å starte og drifte Kamam Folk High School i Batticaloa på Sri Lanka. Tidlegare rektor ved skulen, Jorun Gjengedal Knapstad var den gongen gudmor for skulen. Kamam rekrutterer dei fleste studentane frå fattige kår mellom tamilar i nærområdet. På Kamam har elevane fått opplæring i engelsk, fotoundervisning, leiartrening og bevisstgjering i kjønnskamp. Fleire elevar frå Kamam har og seinare vorte elevar ved Sunnfjord Folkehøgskule. Etter coronapandemien har skulen dessverre ikkje starta opp att. I januar 2024 var fleire elevar, tilsett og rektor på besøk/studietur til Sri Lanka. Der hadde vi mellom anna møte med, leiar i YMCA Sri Lanka, Fernando Niranga.  

Hausten 2025 starta skulen oppigjen og det er no full drift på Kamam Folk High School. I tråd med gammal tradisjon frå den norske folkehøgskulerørsla ynskjer dei å justere fagplanane slik at elevane kan  velje fag som er meir yrkesretta. Fram til langt ut på 1990 talet var det ein sjølvsagt del av tilbodet på Sunnfjord Folkehøgskule. 

 

I tillegg er alle elevane på skulen aktive i våre bistandsprosjekt.

Kontonummer for Kamam-prosjektet: 3705 09 47778

Vipps-konto for Kamam-prosjektet: #89841

Vi arbeider kontinuerleg med å skaffe midlar for å halde Kamam Folk High School i drift. Her er to nye tiltak der alle skulen sine venner kan vere med å bidra:

Denne videoen presenterer Kamam Folk High School slik den framstår i haustsemesteret 2015.

Åpning av ny skule
Sunnfjord Folkehogskole Bistand Kamam

Frå opninga av kamam Folk High School. Kjekt å bli heidra på denne måten!

Fellestur
Sunnfjord Folkehogskole Bistand Fellestur

Skulen har tidlegare arrangert ei reise for alle elevane til Sri Lanka og Kamam Folk High School.

Restaurering
Sunnfjord Folkehogskole Bistand Hovedbygning

Bygningane og skuleområdet på Kamam Folk High School har blitt restaurert etter at vi starta samarbeidet.

Kjøp gåvebrev, gje bort ei gåve med meining!

Vi har alle våre bekjente som har alt, og vi slit med å gje bort noko meiningsfullt, anten det er til jul, fødselsdag eller mors- og farsdag. Her ei løysing: Gje bort ferdig betalt skulegang for ein elev på Kamam FHS! Støtt nokon som treng ei gåve, og gje meining til den som har det meste.

Eksempelvis kostar det kr 500,- å halde ein elev på skulen i ei veke. Då får dei kost og losji i tillegg til skulegang. Dei fleste av elevane er stipend-elevar, det vil seie at dei ikkje har penar til å betale for skulegangen. Dei er avhengige av at dei får dekka dette via eit stipend dei kan søkje på. Du kan vere med og gjere dette stipendet tilgjengeleg slik at dei kan fylle opp alle dei 32 internatplassane på skulen.

Du kan kjøpe gåvebrev pålydande 200 kr, som tilsvarer tre dagars skulegang, 300 kr for fire dagar, eller 500 kr for ei vekes skulegang for ein elev. Gåvebreva kan du laste ned her:

Tre dagar – kr 200,-

Fire dagar – kr 300,-

Ei veke – kr 500,-

Beløpet skal overførast til konto 3705 09 47778. Om du ynskjer å opprette fast trekk gjer du det i nettbanken din med det beløpet du ynskjer. 

 

 

Salgsbetingelsar

Enkeltdonasjonar og fast gjevar: 

Vi er veldig takknemleg for for alle gåveinntekter til prosjektet vårt. Dersom du har gitt feil beløp og vil ha tilbake deler av refusjonen, kontakt oss så ordner vi det. Det er ingen bindingstid for den faste gjevarordninga, dersom du ynskjer å stoppe avtale om fast trekk ta kontakt med oss på Turi på turi@sunnfjord.fhs.no