I mars reiser vi på treningsleir til Benidorm saman med linjene Volleyball GUTAR og Beach & Volleyball. I Spania har vi eit tett samarbeid med Move Your Association (mya.no) som gir oss tilgang til dei beste idrettsanlegga i området.
I løpet av treningsoppholdet kjem vi til å kombinere volleyball med beachvolleyball. Vi skal spele treningskampar mot lokale volleyballklubbar og delta i beachvolleyballturnering. Du skal få lære av, og bli godt kjend med Raul Mesa. I 2005 vart han europamester i beachvolleyball, i tillegg har han delteke i OL. Etter karrieren har han utvikla seg til å bli ein av dei dyktigaste og mest ettertrakta trenarane i Europa.
I tillegg til mykje volleyballaktivitet på studieturen skal du blant anna få besøke dei kjende Algar fossene (Fonts de I`Algar). Det er flotte fossefall i fjellet der ein kan bade og kose seg.
Denne turen er inkludert i linjeprisen.