Inkludert i prisen
- Påmeldingsgebyr på kr 2.500,- (Blir ikkje betalt tilbake om du seier opp plassen din.)
- Undervisning
- Studieturar på linja: Sjå kvar enkelt linje!
- Mat – gjeld også alle turar – og rom på skulen
- Internett
- Vaskemaskin
- Treningsstudio
OBS: Ikkje alle folkehøgskular inkluderer så mange ting i prisen! Sjekk dette dersom du vil samanlikne pris og innhald.
Hos oss er mat inkludert på turane. Dersom det manglar, så utgjer dette kanskje 2-3000 kr på ein tur. Sjekk dette nøye!
Avhengig av linje
- Linjeprisen varierer på grunn av ulike studieturar og litt ulikt utstyr på linja.
Ikkje inkludert
- Enkeltromtillegg
- Tillegg for rom med privat bad.
Viktig: Det kan oppstå endring i planane og prisane for utanlandsturane av grunnar som er vanskeleg å kontrollere. Slike årsaker kan vere valutaendring, lokale forhold på reisemålet, og det kan vere at gruppa som reiser blir mindre enn forventa. Vaksiner er ikkje inkludert i prisen. Alle er sjølve ansvarlege for å ta dei vaksiner som trengs. Om nødvendig må du kontakte din fastlege. Skulen har ikkje fagkunnskap om helsespørsmål.
Statens Lånekasse
Statens Lånekasse yter stipend og lån. Oppdaterte satsar på Lånekassa si heimeside og i priskalulatoren på kvar enkelt linje på Folkehogskolene.
Du kan du lese meir om prisar generelt på www.folkehøgskole.no.
Påmeldingsgebyr/ innmeldingspengar
Du betaler eit påmeldingsgebyr når du tek imot skuleplassen ved Sunnfjord Folkehøgskule. Beløpet finn du spesifisert lenger oppe under Inkludert i prisen.
Desse pengene får du ikkje tilbake om du seinare skulle bestemme deg for å trekke deg frå skuleplassen. Denne regelen gjeld for alle folkehøgskulane. Beløpet er inkudert i totalbeløpet du får opp i priskalkulatoren.
Betalingsplan
Du får ein betalingsplan saman med annan informasjon i juni eller så snart som mulig dersom du søker seinare.
Funksjonshemming, utviklingshemming eller andre utfordringar
Vår skule ønskjer deg velkommen dersom du har spesielle utfordringar i livet, som funksjonshemmingar eller andre tilpasningsbehov. Kanskje er du åleinemor?
Ein del av behova vil kunne medføre ekstra kostnader. Ta kontakt med rektor for spørsmål om dette.
Heimebuar
Ein får ikkje omgjort lån til stipend hos Statens Lånekasse dersom ein bur heime.
Avstand til heimen betyr ikkje noko for denne ordninga.
Vi prioriterer internatbuande elevar ved opptak.
Fellesutgifter
Inkludert er fellesturar, utstyr til seminar, kulturarrangement, valfag, kopiering, transport, ekskursjonar, informasjon, tilgang til vaskeri, utstyr til fritidsaktivitetar, musikal, internett, samlingar i samband med opning og avslutting av skuleåret, fjorårstreff året etter at du sluttar m.m.
Linjepris og studieturar
Linjepris dekkar studieturar, aktivitetar og materiell. Utstyr og opplevingar som ein har felles på linja er inkludert.
Turane blir spesialplanlagt for å dekke målsetninga med linja. Turane er ein viktig del av undervisninga på linja, og elevane kan til vanleg ikkje velje ein annan tur.
Dersom du sluttar
Den som sluttar etter å ha begynt på skulen, må betale for seks veker etter oppseiingsdatoen. Dette gjeld for alle folkehøgskulane.
Spesielle behov for tilpassa mat
Dersom du treng spesialtilpassa mat på grunn av matallergi, så må du betale eit tillegg for det som blir avtala med skulen.
Dersom du treng halalkjøt, så må du også betale ekstra for det.
Ikkje ansvarleg for feil på nettsida
Sunnfjord Folkehøgskule er ikkje ansvarleg for feil i tekstane på denne heimesida. Dei bindande opplysningane om prisar finn du i priskalkulatoren som er lenka for kvar enkelt linje.