Pressemelding: Stian Grimseth tilsett som lærar ved Sunnfjord Folkehøgskule
Stian Grimseth blir lærar på ny storsatsing ved Sunnfjord Folkehøgskule. Foto: Roy Sunde, Firda
Sunnfjord Folkehøgskule startar hausten 2026 opp med ny linje,
Vektløfting & Functional Fitness. Saman med Norges vektløftarforbund, Tambarskjelvar IL og Spenst Førde ynskjer skulen å bygge eit treningsmiljø rundt vektløfting og Functional Fitness etter modell frå volleyballinja ved skulen. Siste åra har Sunnfjord Folkehøgskule hatt rundt 40 elevar som går på volleyballinja. Dei fleste av desse finn ein seinare att i breiddevolleyballen i Norge, i tillegg er det i dag over 20 utøvarar i eliteserien, som har gått på skulen. Vidare er det fem tidlegare elevar ved skulen som i dag er proff i utlandet.
Stian Grimseth er tilsett som lærar for linja. Grimseth har ei lang og merittert aktiv vektløftar-karriere bak seg med EM-gull, 10 kongepokalar og tatt ut til 3 olympiske meisterskap. Han var trenar for Solfrid Koanda som tok OL-gull i Paris 2024. Sidan 2019 har han vore president i Norges Vektløftarforbund. Under VM i Bahrain i 2024 vart han tildelt det internasjonale vektløftarforbundet sin IWF Gold Collar Lifetime Award av president Mohammed Jalood og generalsekretær Antonio Ursu. Grimseth fekk prisen for sitt lange og viktige bidrag til vektløftingsidretten, både som aktiv utøvar og gjennom arbeidet med å fremje idretten i Noreg og internasjonalt.
Stian Grimseth seier at han er svært glad for å ha fått tilbod om å vere lærar på den nyoppstarta linja, og at han håpar dette kan vere eit godt steg for å utvikle vektløftaridretten vidare. Vårt mål er at dette skal gje elevane både sportsleg og personleg utvikling, uavhengig av om dei trenar for å bli ein ny OL deltakar eller ønskjer å drive vektløfting for helsa og det sosiale sin del.
Samfunnet har meir og meir fått opp auga for kor viktig styrketrening er for alle aldrar og begge kjønn, i den samanheng er kunnskapen om rett trening viktig å få ut. Vidare ser ein at individuelle idrettar kan treffe godt inn mot ungdom som kanskje ikkje so lett finn sin plass innan lagidretten,
VM vart vellukka både sportsleg og økonomisk, denne linja vert etter Grimseth sitt syn ein del av arven etter VM. Vi har ambisjonar å vidareføre skuleprosjektet som før VM engasjerte heile 1500 skuleelevar, og med det også få aktivert vektløftarutstyret som vart delt ut til frivillige lag og organisasjonar etter VM.
Grimseth er imponert over kva Sunnfjord Folkehøgskule har fått til med volleyball, det er ikkje mindre enn fantastisk at over 40 elevar går på denne linja. Dette er viktig for både Volleyballen i Norge, men er også utruleg viktig med tanke på Førde som studiestad.
Grimseth har forutan trenarutdanning i Norges vektløftarforbund gjennomført den toårige Topptrenar 2 utdanninga på NTNU. Vidare har han vert ungdomstrenar, sportssjef i NVF og hovudtrenar for Solfrid Koanda dei siste 2 åra inn mot OL i Paris.
Frå å vere VM-general for vektløftarmeisterskapen i Førde i 2025, går han no over til å bli folkehøgskulelærar der han får halde fram med å bruke evnene sine som ein sterk og dyktig lagbyggar!