Ine har bakgrunn som profesjonell vektløftar, der ho har NM og EM-medaljer, samt både norske og nordiske rekorder. Ho har jobba som timelærer ved Nord Jylland Idrettshøgskole, har vore landslagsansvarleg for ungdom og juniorlandslaget. Trenar i internasjonale mesterskap. Trenar i vektløfting i Dubai.
Functional Fitness & Vektløfting haust
Har du lyst å smake på korleis det er å vere toppidrettsutøvar? På linja Functional Fitness & Vektløfting får du kombinere dess
Både ektløfting og functional fitness
Linja er to-delt, der ein får undervisning i både CrossFit og vektløfting.
Vektinga mellom dei blir tilpassa kvar enkelt utøvar, ut frå mål, ynskje og behov.
Her på Sunnfjord er alle like mykje velkommen uansett nivå.
Vi har profesjonelle lærar, trenarar og tilsette som tar vare på deg heile døgnet.
I CrossFit følgjer eit opplegg som planlegg for både nivå, ferdigheiter, utvikling og restitusjon.
Treningsopplegget i vektløfting blir skreddarsydd til den enkelte utøvar saman med vår trenar/lærar.
Skulen nyttar Spenst Førde sitt CrossFit-senter til undervising og linjertimar i CrossFit. Vektløftings-delen blir gjennomført både i Spenst Førde sitt vektløftingsrom og i Tambarskjelvar IL sin treningshall. I tillegg har vi eige treningsstudio og gymsal ved skulen.
«The Sunnfjordspirit» er ei kraft som vert skapt ved at vi står saman og dreg i same retning. På Sunnfjord er vi kvarandre sine tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både i livet, på trening og i konkurransar.
Som elev på Functional Fitness & Vektløfting vil du få fri tilgang til vårt treningsstudio på skulen. Om du vært skada vil du også få oppfølging på opptrening av fysioterapeut.
Har du erfaring fra landslag eller er konkurrerer på høgt nivå? SUnnfjord IL er vårt eige idrettslag som du kan melde deg inn i dersom du ynskjer.