E-sport Aktiv

Bli betre i E-sport! Du får ein aktiv kvardag med styrketrening og andre idrettar. Vi jobbar saman for å bli betre ved bruk av analyse, coaching og kommunikasjon.

Søk nå
Sunnfjord Folkehogskole Esport Tastatur
Sunnfjord Folkehogskole Esport Ansikt

Vil du utvikle deg sjølv som e-sportutøvar?

E-sport har blitt stort dei siste åra, og er ein naturleg del av ungdom sin kvardag. Her kan du kan kombinere å utvikle deg innanfor e-sport, samtidig som du har eit aktivt liv. Vi skal drive idrett og leik, og vi skal trene både i treningsstudio, gymsal og ute i flott vestlandsnatur!

Dette gjer vi

Linja vil ha hovudfokus på CS og Valorant. Gjennom analyse av eige og andre sitt spel vil vi difor utvikle oss som spelarar og lagkameratar.

Mangfald og meistring

På E-sport kan du oppleve ein god, variert kvardag, med god mulighet for både mental og fysisk meistring. 

Aktiv gaming

Uansett bakgrunn og erfaring vil du trivest på E-sport Aktiv!

  • CS
  • Valorant
  • idrett
  • trening
  • turar
  • treningsstudio
  • vestlandsnatur
  • dyktige lærarar
  • inkluderande
  • trygg

Galleri

Sunnfjord Folkehogskole Esport Spiller Kontroller
Sunnfjord Folkehogskole Esport Basket
Sunnfjord Folkehogskole Esport Basketbane
Sunnfjord Folkehogskole Esport Fotball Skudd
Sunnfjord Folkehogskole Esport Spilling Ser
Sunnfjord Folkehogskole Esport Tastatur
Sunnfjord Folkehogskole Esport Headset
Sunnfjord Folkehogskole Esport Peptalk
Utstyr skulen stiller med
Sunnfjord Folkehogskole Esport Tastatur
  • Gamingdesk
  • Gamingstol
  • Fiber med kabla tilkopling
Utstyr du må ta med sjølv
Sunnfjord Folkehogskole Esport Spiller Kontroller
  • PC
  • Skjerm.
  • Tilbehør (t.d. headset, mikrofon, tastatur, mus)
Sunnfjord Folkehogskole Reiser Gruppe
Sunnfjord Folkehogskole Reiser Gruppe

Studietur S-/A-tier turnering i utlandet

S-/A-tier turnering til utlandet!

Bli med og opplev CS på aller høgaste nivå, og ver ein del av den utrulege atmosfæra! På E-sport aktiv vil vi i løpet av året reise på ei stor turnering der lag frå heile verda knivar om store premiepengar og mogelegheita til å løfte trofeet framfor tusenvis av fans. Her vil vi også utforske lokal kultur og prøve oss på aktivitetar som utfordrar og passar dei fleste!  

Det er slik at datoane for dei store turneringane blir sleppt litt seinare enn det folkehøgskolar klarer gje ut av informasjon, men vi på E-sport Aktiv tar sikte på å få med oss èi slik turnering per år. Dermed er det klart at destinasjonen vil være ulik frå år til år, og at vi er fleksible på kva turnering det blir og kva reisetidspunktet vert.   

Passar linja for mitt nivå?

Denne linja er for alle som har interesse og lidenskap for E-sport. Linja bygger rundt prinsippet om breiddeidrett, og vi ønskjer alle velkommen, uavhengig av nivå. Det viktigaste er at du er motivert til å bli betre, og lyst til å utfordre deg sjølv. På E-Sport Aktiv brukar vi både gymsal og treningsstudioet i undervisninga. Vi ser i større og større grad at fysisk trening i E-Sport virkar prestasjonsfremjande for utøvarane. På treningsstudiet vil du få hjelp til å lage eit program som passar til deg. Vi skal også prøve oss i klatreveggen.

Larsskadal
Linjelærer E-sport Aktiv
Lars Skadal

Lars har konkurrert i landstoppen i CS:GO, og var aktiv utøvar frå 2014-2018. Ved sidan av dette har han drive mykje med fleire FPSar som Valorant, Overwatch og PUBG på høgt nivå.

Han har konkurrert på øverste nivå i Telia- og Altibox ligaen og FPL-C, og delteke i fleire internasjonale online turneringar som Quickshot Arena og Hitbox Invitational.  Her har han mellom anna spelt mot spelarar som MSL, Xantares, k1to og frozen. Lars driv også med idrettar som handball, basketball, volleyball og squash.