Hanna har mastergrad i industriell design frå NTNU, og brei erfaring innan teknologi, design & produksjon. Ho likar særleg godt å jobbe med prosjekt der ein følgjer prosessen frå idè til ferdig produkt.
Idustridesign & produksjon
Ynskjer du å designe og bygge din eigen fjernstyrt bil, båt eller drone? Eller noko heilt anna? På Idustridesign & produksjon kan du la ideen bli ein realitet. Her er det berre fantasien som set grenser, og du kan designe og produsere det du ynskjer i både plast, tre og metall.
På linja Industriell design får du prøve ut det nyaste og beste innanfor produksjonsretta teknologi. Her får du bruke di skaparlyst og kreativitet til å produsere det du ynskjer. Gjennom året blir det lagt opp til ulike typar prosjekt, både saman med andre eller åleine - heilt etter dine behov. Vi har eit profesjonelt labratorium og verkstad som inneheld:
- Vasskuttar
- Plasmakuttar
- Elektroverkstad
- Metall og samanstillingsverkstad
- Plateknekker
- Treverkstad (ikkje oppe og går no, men vil være til skulestart)
- Sveisemaskin
- Betonglab
- Dreiebenk (CNC og vanleg)
- CNC-fres
- 3D-Printer
- Laserkutter
På denne linja får du mogelegheit til å utvikle deg sjølv innan for dine interessefelt. Her får du høve til å kunne både designe og produsere det du vil med dei fleste materialer. Kun fantasien set grenser. Linja samarbeider med Ingeniørutdanninga på Høgskulen på Vestland, Førde VGS og Fagskulen i Vestland, der vi nyttar felles labratorium og verkstad på Øyrane
Plastkvern designa og produsert
Pyrolyse reaktor som laga biokol av organisk avfall
Badestamp i tre med elektrisk oppvarming
Vårt topp moderne labratorium
Under ser du bilete av den topp moderne verkstaden og labratoriumet