Hanna har mastergrad i industriell design frå NTNU, og brei erfaring innan teknologi, design & produksjon. Ho likar særleg godt å jobbe med prosjekt der ein følgjer prosessen frå idè til ferdig produkt.
Industridesign & produksjon
Ynskjer du å designe og bygge din eigen fjernstyrt bil, båt eller drone? Eller noko heilt anna? På industridesign & produksjon kan du la ideen bli ein realitet. Her er det berre fantasien som set grenser, og du kan designe og produsere det du ynskjer i både plast, tre og metall.
På linja Industriell design får du prøve ut det nyaste og beste innanfor produksjonsretta teknologi. Her får du bruke di skaparlyst og kreativitet til å produsere det du ynskjer. Gjennom året blir det lagt opp til ulike typar prosjekt, både saman med andre eller åleine - heilt etter dine behov. Vi har eit profesjonelt labratorium og verkstad som inneheld:
- Vasskuttar
- Plasmakuttar
- Elektroverkstad
- Metall og samanstillingsverkstad
- Plateknekker
- Treverkstad (ikkje oppe og går no, men vil være til skulestart)
- Sveisemaskin
- Betonglab
- Dreiebenk (CNC og vanleg)
- CNC-fres
- 3D-Printer
- Laserkutter
På denne linja får du mogelegheit til å utvikle deg sjølv innan for dine interessefelt. Her får du høve til å kunne både designe og produsere det du vil med dei fleste materialer. Kun fantasien set grenser. Linja samarbeider med Ingeniørutdanninga på Høgskulen på Vestland, Førde VGS og Fagskulen i Vestland, der vi nyttar felles labratorium og verkstad på Øyrane
Plastkvern designa og produsert
Pyrolyse reaktor som laga biokol av organisk avfall
Badestamp i tre med elektrisk oppvarming
Verkstadhallen
I verkstadhallen får du mogelegheit til å bruke profesjonelt utstyr som skjærebrennar, sveiseapparat, vinkelslipar og alt som trengs for å både lage og utvikle eit produkt! Vi brukar same hallen som Hellesnes Industry. Dei kan du lese meir om her.
Vårt topp moderne labratorium
Under ser du bilete av den topp moderne verkstaden og labratoriumet