Volleyball DAMER

Vil du spele volleyball? Gjennom trening, kampar og turneringar ynskjer vi at du skal få kjenne på idrettsglede, samhald og meistring. På denne linja får du også tur til  Brasil inkludert i prisen!

Søk nå
IMG 2150
Lag

På volleyballinja kan du få konsentrere deg om volleyball eit heilt år. Du får kombinere toppsatsing med eit spennande  folkehøgskuleår.

Volleyballinja er størst og eldst i sitt slag i Norge. Mange av dagens elitespelarar har vore elevar hos oss. Vi skal spele i 2.divisjon og delta på ulike turneringar.

Kven passar volleyballinja for?

På linja forventar vi at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og kunnskapar om volleyball.

Det vert lagt opp til ei høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag.

Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring!

Volleyballinja har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede, meistring og lagspel er sentralt i alt vi gjer.

Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana.

Med andre ord: Menneske først, så volleyball.

Fotograf Nigel Boyce:

IMG 2151
20240111 Volleyuka Z9 0173 Original
Natalie 2
1000038276
1000038274
1000038268 (1)
"The Sunnfjord Spirit"

«The Sunnfjordspirit» er ei kraft som vert skapt ved at vi står saman og dreg i same retning. På Sunnfjord er vi kvarandre sine tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både på bana og i livet. «The Sunnfjordspirit» har avgjort mange jamne volleyballkampar!

Styrke og skadeforebyggjandetrening

Som elev på Volleyball vil du få tilgang til treningsstudio på skulen. Du vil få eit styrkeprogram tilpassa for volleyball og oppfølging av fysisk trenar. Om du vært skada vil du også få oppfølging på opptrening av fysioterapeut.

Dersom du har erfaring på høgt nivå

Har du erfaring fra elite- eller juniorlandslag? Sunnfjord IL kan tilby overbyggingsavtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge.

Sunnfjord Folkehogskole Volleyball Blokka
1000040409

Studietur til Rio De Janeiro i Brasil og Polen

I oktober går linjeturen til Polen. Polen er heimen til ein av verdas beste liga, nemleg Plussligaen. I løpet av denne veka vil ein få sett volleyballkamp frå øverste hylle, samt få sett korleis profflaga trenar. I tillegg vil vi få bruke dei same treningsfasilitetene som verdastoppen, og testa eige nivå mot juniorlag i nærområdet.

I mars reiser vi på treningsleir til  Rio De Janeiro i Brasil saman med linjene Volleyball Herrer, Volleyball Adventure og Beach & Volleyball. I Brasil har vi eigne folk som hjelper oss med å skreddarsy det beste treningsopplegget. Hovuddelen av treningane blir på den kjende stranda Copa Cabana, medan nokre av øktene blir innandørs.

I løpet av treningsoppholdet kjem vi til å kombinere volleyball med beachvolleyball. Vi skal spele treningskampar mot lokale volleyballklubbar. 

Linjeturen  til Brasil er inkludert i linjeprisen

Linjeturen til Polen er ikkje inkludert i linjeprisen. Pris for turen er 8000,-

Frida Skjelvik Aune
Frida Skjelvik Aune2

«Volleyballinjen på Sunnfjord er et skikkelig godt miljø hvor du både får utviklet deg som volleyballspiller og blir kjent med mange fantastiske mennesker. Det er et sted man får venner for livet».

Renate Sandnes
Renate Sandnes

"Jeg lærte mye av teknikk, samspill og det å gjøre hverandre gode. Jeg opplevde utvikling både som volleyballspiller og som menneske. Å være en del av The Sunnfjord Family er noe alle burde oppleve. Året på Sunnfjord har betydd mye for meg".

Vasile
Linjelærar Volleyball
Vasilè Aflorei

Vasile Afloarei er volleyballlærar på skulen. Han er tidligare profesjonell volleyballspelar og seriemeister i Romania og Norge. Han har lang erfaring innan volleyball og har delteke i Champion League. Vasilè har bachelorgrad innan idrettfag.