Volleyball HERRER

Vil du spele volleyball? Hos oss skal du få trene kvar dag! Gjennom trening, kampar og turneringar skal du få oppleve idrettsglede og meistring saman med andre. På denne linja får du også tur til  Brasil inkludert i prisen!

Søk nå
Sunnfjord Folkehogskole Volleyball Blokkering
Sunnfjord Folkehogskole Volleyball Seier

På volleyballinja kan du få satse fullt på volleyball eit heilt år. Du kan få kombinere toppsatsing med eit spennande folkehøgskuleår.

På volleyballinja kan du få satse fullt på volleyball eit heilt år. Du kan få kombinere toppsatsing med eit spennande folkehøgskuleår.

Volleyballinja er størst og eldst i sitt slag i Norge. Mange av dagens elitespelarar har vore elevar hos oss. Vi skal spele i 2.divisjon og delta på ulike turneringar. 

Kven passar volleyballinja for?

På Volleyball-linja forventar vi at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og kunnskap om volleyball.
Det vert høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag.
Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring!

Volleyballinja har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede, meistring og lagspel er sentralt i alt vi gjer.

Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana.

Med andre ord: Menneske først, så volleyball.

Fotograf Nigel Boyce:

Nm4
Lag
Nm2
1000038266
1000035863
DSC0407 (1)
1000038267
"The Sunnfjord Spirit"

«The Sunnfjordspirit» er ei kraft som vert skapt ved at vi står saman og dreg i same retning. På Sunnfjord er vi kvarandre sine tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både på bana og i livet. «The Sunnfjordspirit» har avgjort mange jamne volleyballkampar!

Styrke og skadeforebyggjandetrening

Som elev på Volleyball vil du få tilgang til treningsstudio på skulen. Du vil få eit styrkeprogram tilpassa for volleyball og oppfølging av fysisk trenar. Om du vært skada vil du også få oppfølging på opptrening av fysioterapeut.

Dersom du har erfaring på høgt nivå

Har du erfaring fra elite- eller juniorlandslag? Sunnfjord IL kan tilby overbyggingsavtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge.

Sunnfjord Folkehogskole Volleyball Blokka
1000040409

Studietur til Rio De Janeiro i Brasil og Polen

I oktober går linjeturen til Polen. Polen er heimen til ein av verdas beste liga, nemleg Plussligaen. I løpet av denne veka vil ein få sett volleyballkamp frå øverste hylle, samt få sett korleis profflaga trenar. I tillegg vil vi få bruke dei same treningsfasilitetene som verdastoppen, og testa eige nivå mot juniorlag i nærområdet.

I mars reiser vi på treningsleir til  Rio De Janeiro i Brasil saman med linjene Volleyball Damer, Volleyball Adventure  og Beach & Volleyball. I Brasil har vi eigne folk som hjelper oss med å skreddarsy det beste treningsopplegget. Hovuddelen av treningane blir på den kjende stranda Copa Cabana, medan nokre av øktene blir innandørs.

I løpet av treningsoppholdet kjem vi til å kombinere volleyball med beachvolleyball. Vi skal spele treningskampar mot lokale volleyballklubbar. 

Linjeturen  til Brasil er inkludert i linjeprisen

Linjeturen til Polen er ikkje inkludert i linjeprisen. Pris for turen er 8000,-

Weston Kirchman
Kirchman Westonjpg

Jeg vil påstå at et år på volleyballinjen ved Sunnfjord vil gi enhver spiller en rik erfaring å ta med seg videre. Jeg fikk testet ferdighetene mine og lærte ny teknikk, øvelser og kommunikasjonsformer. Trenerne viser dyp kunnskap om sporten og veileder deg til å bli en dyktig spiller. Jeg vil anbefale alle et år med den unike Sunnfjord spiriten; dette er nok det man savner mest etter et år i vakre Vestlandet!

Elliot Beere
Elliot Beere

Sunnfjord volleyball har gitt meg to år jeg aldri kommer til å glemme. Jeg har fått skjenne på en utvikling jeg aldri hadde sett for meg, både som spiller og person. For meg var det aldri en dag på sunnfjord hvor jeg gruet meg til å stå opp å angripe dagen når jeg viste at jeg hadde verdens beste støtteapparat aka sunnfjord famliy i ryggen.

Simon
Linjelærar volleyball
Simon Hopland

Simon er lærer på volleyball linja.

Han er utdanna lektor i idrettsfag. Han har spelt i 1.div og Eliteserien, samt vore med på Europacup. Som trenar har han gjennom fleire år trent ulike lag. Frå å starte med U15 gutar til å trene 2.div herre og 1.div damer før han kom til Sunnfjord.