Elevtreff

Kjekt gjensyn med tidlegare elevar!

Første helga i februar arrangert vi på Sunnfjord elevtreff for 10års, 5års og fjorselevane. Det vil seie at alle som gjekk her i fjor, for fem år sidan og ti år sidan blei invitert til å møte dagens elevar, lærarar og ikkje minst få kjensla av å vere ei helg på skulen igjen. Opplegget var som tidlegare ganske fritt der mesteparten av tida var sett at til at elevane sjølve fekk komme saman og gjere det dei ville, samtidig som dei fekk sove og ete på skulen. Dei ulike kulla hadde også sine opplegg, men helga blei "sparka" i gang med vår eminente musikklærar Erlend som hadde sang stund med elevane. Akkurat slik som det var då dei gjekk her. Laurdag var det duka for volleyballkamp mellom årets elevar og fjorårselevane, noko som var veldig kjekt og skapte nærmast euforisk stemning i hallen! Laurdagskvelden var det "Best of" kveld på scena. Her skulle elevane melde seg på for å opptre - heile 25 nummer med sang, sketsjar og humor gjorde til at kvelden blei fin og minnerik.