Vasile Afloarei er volleyballlærar på skulen. Han er tidligare profesjonell volleyballspelar og seriemeister i Romania og Norge. Han har lang erfaring innan volleyball og har delteke i Champion League. Vasilè har bachelorgrad innan idrettfag.
Volleyball DAMER - Brasil og Polen
Vil du spele volleyball? Gjennom trening, kampar og turneringar ynskjer vi at du skal få kjenne på idrettsglede, samhald og meistring. På denne linja får du også tur til Brasil inkludert i prisen!
På volleyballinja kan du få konsentrere deg om volleyball eit heilt år. Du får kombinere toppsatsing med eit spennande folkehøgskuleår.
Volleyballinja er størst og eldst i sitt slag i Norge. Mange av dagens elitespelarar har vore elevar hos oss. Vi skal spele i 2.divisjon og delta på ulike turneringar.
Kven passar volleyballinja for?
På linja forventar vi at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og kunnskapar om volleyball.
Det vert lagt opp til ei høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag.
Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring!
Volleyballinja har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede, meistring og lagspel er sentralt i alt vi gjer.
Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana.
Med andre ord: Menneske først, så volleyball.
Fotograf Nigel Boyce:
«The Sunnfjordspirit» er ei kraft som vert skapt ved at vi står saman og dreg i same retning. På Sunnfjord er vi kvarandre sine tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både på bana og i livet. «The Sunnfjordspirit» har avgjort mange jamne volleyballkampar!
Som elev på Volleyball vil du få tilgang til treningsstudio på skulen. Du vil få eit styrkeprogram tilpassa for volleyball og oppfølging av fysisk trenar. Om du vært skada vil du også få oppfølging på opptrening av fysioterapeut.
Har du erfaring fra elite- eller juniorlandslag? Sunnfjord IL kan tilby overbyggingsavtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge.
I oktober går linjeturen til Polen. Polen er heimen til ein av verdas beste liga, nemleg Plussligaen. I løpet av denne veka vil ein få sett volleyballkamp frå øverste hylle, samt få sett korleis profflaga trenar. I tillegg vil vi få bruke dei same treningsfasilitetene som verdastoppen, og testa eige nivå mot juniorlag i nærområdet.
I mars reiser vi på treningsleir til Rio De Janeiro i Brasil saman med linjene Volleyball Herrer, Volleyball Adventure og Beach & Volleyball. I Brasil har vi eigne folk som hjelper oss med å skreddarsy det beste treningsopplegget. Hovuddelen av treningane blir på den kjende stranda Copa Cabana, medan nokre av øktene blir innandørs.
I løpet av treningsoppholdet kjem vi til å kombinere volleyball med beachvolleyball. Vi skal spele treningskampar mot lokale volleyballklubbar.
Linjeturen til Brasil er inkludert i linjeprisen
Linjeturen til Polen er ikkje inkludert i linjeprisen. Pris for turen er 8000,-
"Jeg lærte mye av teknikk, samspill og det å gjøre hverandre gode. Jeg opplevde utvikling både som volleyballspiller og som menneske. Å være en del av The Sunnfjord Family er noe alle burde oppleve. Året på Sunnfjord har betydd mye for meg".
Sunnfjord har vært det beste året i livet mitt hittil. Det har vært et utrolig lærerikt år, har lært så mye om hvordan man skal mestre ikke bare livet, men seg selv. Har lært meg at man ikke må være redd for å dumme seg ut, alt blir bare 10 ganger gøyere hvis man tør å gå ut av komfortsonen sin! Sunnfjord har en sykt hjemme koselige sjarm, det føles som en ekte familie. Dette stedet danner utrolig gode mennesker og hjelper deg i å vokse som den personen du ønsker å være. Jeg er så takknemlig for at jeg fikk gå her og få masse nye venner og mange nye opplevelser!! Fått meg en extra familie❤️