CS2 Academy, Brasil

Ynskjer du å ha det kjekt med favorittspelet ditt, samtidig som du fordjupar deg? På linja CS2 Academy får du kombinere lidenskapen for CS2 med ein aktiv og sosial kvardag.

Søk nå
Sunnfjord Folkehogskole Esport Tastatur
Sunnfjord Folkehogskole Esport Ansikt

Vil du utvikle deg sjølv innan CS2?

CS2 Academy er linja der vi tilpassar undervisninga til ditt nivå, enten du satsar på å slå igjennom som utøver, eller om du syns det er kjekt å game saman med andre. Her vil du blant anna lære meir om taktiske, mekaniske og det sosiale i spelet. Samtidig som du får lære meir om trening og kosthold. Læraren din har spisskompetanse innan FPSar som CS2 og Valorant, noko som du kan dra nytte av når du utviklar deg som spelar. 

På linja vil vi gjere mykje forskjellig. Kvardagen vil bestå av speling, konkurransar, arbeid med aim, taktiske ferdigheiter og kommunikasjon. Vi gjer også andre aktivitetar som go-kart, paintball og escape room! 

Bli betre i e-sport, kos deg med favorittspelet ditt, og ha ein aktiv kvardag med valfag som klatring, styrketrening og andre aktivitetar. Jobb saman med andre spelarar for å bli betre i alt frå kommunikasjon til taktisk forståelse. 

Sunnfjord Folkehøgskole har ein lang tradisjon som idrettsskule. Her på CS2 Academy vil vi bygge vidare på denne gode tradisjonen. Ved å fokusere på samhald og individuelle ferdigheiter, er målet at du skal bli betre både som enkeltperson og som lagspelar

Pris på linja

Linja kostar kr 152.900,-
Lån og stipend frå lånekassen: 154.880,- (2026/27) 
Du må dekke sjølv: 0 ,- pr mnd.
Ved fullført år får du omgjort 40% av studielånet (kr 61952,-) til stipend. 

 

Styrke og skadeforebyggjandetrening

Som elev på CS2 vil du få tilgang til treningsstudio på skulen. Du vil få eit styrkeprogram tilpassa for ditt nivå. 

Kosthald og ernæring

Ernæring er svært viktig for å kunne prestere godt over tid. Vi samarbeider nært med Spenst Førde sine dyktige ernæringsfysiologar og du vil bli følgd opp med eigen plan. På skulen får du fire sunne måltid kvar dag. Du vil også få rettleiing og kunnskap om kosthald

Aktiv gaming

Uansett bakgrunn og erfaring vil du trivest på CS2 Academy.

  • Taktikk
  • Utvikle
  • Spelforståelse
  • Meistring 
  • Treningsstudio
1000040411 (1)
1000040404 (1)

Studietur til Rio De Janeiro i Brasil

 

 

 

 

CS2 Academy reiser på linjetur på våren til Rio de Janeiro. På turen skal vi blant anna oppleve den sterke e-sportkulturen i Brasil kombinert med strandliv og trening på Copa Cabana. Turen er inkludert i prisen!

Sunnfjord Folkehogskole Reiser Gruppe
Sunnfjord Folkehogskole Reiser Gruppe

Studietur S-/A-tier turnering i utlandet

S-/A-tier turnering til utlandet! 

Bli med og opplev CS på aller høgaste nivå, og ver ein del av den utrulege atmosfæra! På linja vil vi i løpet av året reise på ei stor turnering der lag frå heile verda knivar om store premiepengar og mogelegheita til å løfte trofeet framfor tusenvis av fans. Her vil vi også utforske lokal kultur og prøve oss på aktivitetar som utfordrar og passar dei fleste!  

 
Det er slik at datoane for dei store turneringane blir sleppt litt seinare enn det folkehøgskolar klarer gje ut av informasjon, men vi på Gaming & E-sport reiser på èi slik turnering per år. Dermed er det klart at destinasjonen vil være ulik frå år til år, og at vi er fleksible på kva turnering det blir og kva reisetidspunktet vert.   

Utstyr skulen stiller med
Sunnfjord Folkehogskole Esport Tastatur
  • Gamingdesk
  • Gamingstol
  • Fiber med kabla tilkopling
Utstyr du må ta med sjølv
Sunnfjord Folkehogskole Esport Spiller Kontroller
  • PC
  • Skjerm.
  • Tilbehør (t.d. headset, mikrofon, tastatur, mus)

Passar linja til mitt nivå?

Denne linja er for alle som har interesse for gaming. Vi ønskjer alle velkommen, uavhengig av nivå. Det viktigaste er at du er motivert til å drive med dataspel og utvikle deg som utøvar og menneske. 

Du vil lære

Taktikk i CS2

Utvikle aimen din 

Spelforståelse/Ingame-IQ

Variert trening og idrett 

Eit år med utfordringar og meistring 

Trene på vårt eige treningssenter

Galleri

På linja vil vi gjere mykje forskjellig. Kvardagen vil bestå av speling, konkurransar, arbeid med aim, taktiske ferdigheiter og kommunikasjon. Vi gjer også andre aktivitetar som go-kart, paintball og escape room! 

Sunnfjord Folkehogskole Esport Spiller Kontroller
Sunnfjord Folkehogskole Esport Basket
Sunnfjord Folkehogskole Esport Basketbane
Sunnfjord Folkehogskole Esport Fotball Skudd
Sunnfjord Folkehogskole Esport Spilling Ser
Sunnfjord Folkehogskole Esport Tastatur
Sunnfjord Folkehogskole Esport Headset
Sunnfjord Folkehogskole Esport Peptalk
Sondre Vikene
Sondre Vikene

Årene mine på E-sport Aktiv har vore som ein draum. Eg har fått utfordret meg og utviklet meg innenfor E-sport og gaming som var hovudfokuset når eg kom til Sunnfjord. Sammtidig har eg fått prøvd meg på mykje forskjellig idrett og trening, der eg har sett betydelig fremgang. Alt det kombinert med eit fantastisk miljø der eg har funnet mange heilt fantastiske venner. Gjør at årene mine på Sunnfjord er uten tvil mine livs beste år!

Syver Flem
Syver Flem
Larsskadal
Linjelærer E-sport Aktiv
Lars Skadal

Lars har konkurrert i landstoppen i CS:GO, og var aktiv utøvar frå 2014-2018. Ved sidan av dette har han drive mykje med fleire FPSar som Valorant, Overwatch og PUBG på høgt nivå.

Han har konkurrert på øverste nivå i Telia- og Altibox ligaen og FPL-C, og delteke i fleire internasjonale online turneringar som Quickshot Arena og Hitbox Invitational.  Her har han mellom anna spelt mot spelarar som MSL, Xantares, k1to og frozen. Lars driv også med idrettar som handball, basketball, volleyball og squash.