Dans Explore, Brasil

På Dans Explore får du danse og trene kvar dag! Du blir ein del av eit større miljø ved Danseverkstaden i Førde, og vere ein del av dei store oppsetningane på Førde si storscene, Førdehuset.  Du får kjenne på meistring, utvikle teknikk og fysikk og ikkje minst vere med på tur og oppleve det pulserande livet i Rio de Janeiro og musikalverda i London. Eit år der du vil utvikle deg som dansar, utøver og ikkje minst som menneske.

Søk nå
Image (14)
Image (9)

Frå West End til sambarytmar i Brasil!

Frå West End til sambarytmar i Brasil!
Danselinja på Sunnfjord Folkehøgskule tek deg med på reiser som gir danseglede, inspirasjon og minne for livet

Frå West End til sambarytmar i Brasil!
Danselinja på Sunnfjord Folkehøgskule tek deg med på reiser som gir danseglede, inspirasjon og minne for livet

🍂 London om hausten – Vi kastar oss ut i storbylivet og opplever musikalane i Londons berømte West End. Vi tek danseklassar på legendariske Pineapple Dance Studios, utforskar ikoniske gater og kulturelle landemerke, shoppar, smakar oss gjennom byen og hentar inspirasjon frå alt London har å by på. Ein tur full av danseglede, nye inntrykk og sosial samansveising av klassen!

☀️ Brasil – dans, kultur og livsglede! Vi reiser til Rio de Janeiro og Copacabana, der sambaen, rytmane og den brasilianske livsgleda ventar. Vi tek danseklassar, lærer brasiliansk samba, gjer yoga i soloppgangen på stranda og nyt ekte açaí der bæret kjem frå. Vi kjem tett på kulturen, maten, språket og folka – og reiser saman med andre klassar frå skulen på spennande utflukter og kulturelle opplevingar.
To verdsdelar, nye rytmar og opplevingar du aldri gløymer. Bli med Danselinja ut i verda

Brasilturen er inkludert i prisen.

London turen er ikkje inkludert i linjeprisen, og kostar 10.000 kr i tillegg. 

Class Of 20202021 1500X430
Sunnfjord Folkehogskole Dans Idrett Smil

Mestring og utvikling

Som elev på Dans Explore er du svært delaktig i skulen si store musikalsatsing. Skulen produserer musikal og teater-forestillingar som framstår som profesjonelle.

Dei siste åra har vi produsert Children og Eden, Folk og Røvere i Kardemomme By, Kaptein Sabeltann, Hairspray, High school musikal m.m!

I tillegg til dans vil du også få tilgang til  skulen sitt oppdaterte treningsstudio. Du vil også få mogelegheit delta på saltreningar, fjellturar, beach-aktivitetar, fellestreningar med andre klassar om du ynskjer dette.

Alt du kan ønske deg

Vi fokuserer på både bredde og spesialisering. Gjennom året vil du få høve til å utvikle deg på mange områder.

  • Jazz
  • HipHop / Kommersiell
  • Samtidig
  • Musikal dans
  • Samba
  • Spinning
  • Treningssenter
  • Koreografi
  • Klatring
  • Funk Jazz
  • Strand aktiviteter
  • Ernæring og kosthold
  • Idrett
  • Buldring
  • Ski

Galleri

Variert dans og idrett

Sunfjord Folkehogskole Dans Idrett Scene
Sunfjord Folkehogskole Dans Idrett Paraply
Sunfjord Folkehogskole Dans Idrett Ovelse
Sunfjord Folkehogskole Dans Idrett Dans
Sunfjord Folkehogskole Dans Idrett Klatring
Sunnfjord Folkehogskole Dans Idrett Ballett Sort
Sunnfjord Folkehogskole Dans Idrett Dans Scene
Sunnfjord Folkehogskole Dans Idrett Ballett To
Dansehuset og andre fasilitetar

På Sunnfjord Folkehøgskule har vi eit eige dansehus. Her er det to lyse og flotte dansesalar med kvalitetsgolv for dans, lydanlegg og lange speglveggar.

Så her har kan du vere i aktivitet nesten døgnet rundt! 

Foto-shoot

Vi har foto-shoot på stor scene med lys, scenerøyk og profesjonell fotograf! Vi lagar musikkvideo av dansar og video av aktivitetar på linja. Sjå bilde frå fotoshoot og musikkvideo i galleriet!

Danseverkstaden

Elevane på Sunnfjord samarbeider tett med det lokale Danseverkstaden, eit av fleire dansetilbod i byen. Danseverkstaden har fleire hundre medlemmer, som er i sving kvar veke. Lærarane Sunniva og Miriam er eigarar Danseverkstaden, noko du som elev vil få glede av. 

Anniken Raastad
Anniken Elisabeth Raastad

Året mitt på Sunnfjord var virkelig et høydepunkt fylt med masse gode minner og gleder. På danselinja lærte vi alt fra ballet showdans til hip hop, i tillegg til andre aktiviteter som ballsport, styrke og noen turer til trampolineparken. Turene til London og Fuerteventura var utrolig morsomme med muligheter for å se musikaler, ta danseklasser og generell trening. Miljøet på Sunnfjord er et av de beste miljøene jeg har vært i! Alltid så god stemning og morsomme ting som skjer. Jeg angrer ikke et sekund på at jeg valgte Sunnfjord eller dans idrett, og anbefaler alle å gjøre det samme!

Emma D. Freng
Freng Emmajpg

Jeg var ikke sikker på hva jeg ville etter videregående. Men jeg ville være aktiv og danse. Dans idrett på sunnfjord folkehøyskole passet meg derfor perfekt. Vi danset ulike dansestiler for skolen, men også på større oppsetninger. I tillegg drev vi med friluftsliv, klatring, svømming, volleyball og mye mer. Det ble en variert og deilig hverdag, sammen med gode venner og et morsomt internatliv! Sene kvelder på internatet, trening i gymsalen, bålkos med marshmallows eller film i peisstua og masse mer er noen gode minner jeg vil ha resten av livet. Beste året i livet mitt.

Sunniva
Linjelærer
Sunniva Thingnes-Fagerli

Sunniva har si utdanning frå Bårdar Akademiet, med dans, song og musikalteater. Med mål om å bringe danse- og musikkglede vidare, tok Sunniva grunnskulelærarutdanning på OsloMet etterpå. Ved sidan av studiet levde ho som dansar, deltok på danseklassar og tok oppdrag og underviste dans, freelance.

Ho underviser i jazz, moderne samtidsdans og hip hop – commercial. Ho nyttar også element av grunnleggande yoga, klassisk ballett og styrkeøvingar for dansarar i undervisninga si. I tillegg er Sunniva glad å leike seg med andre dansestilar, som afrodans, latina og show.

Ved sida av dansen, elskar Sunniva å utnytte den vakre Sunnfjord-naturen med bratte fjell og djupe fjordar som leikeplass. Det kan vere ski, topptur, klatring og stisykling, eller roleg friluftsliv for puste og slappe av.