CS2 Academy, Brasil

Ynskjer du å ha det kjekt med favorittspelet ditt, samtidig som du fordjupar deg? På linja CS2 Academy får du kombinere lidenskapen for CS2 med ein aktiv og sosial kvardag.

Søk nå
Sunnfjord Folkehogskole Esport Tastatur
Sunnfjord Folkehogskole Esport Ansikt

Vil du utvikle deg sjølv innan gaming og e-sport?

CS2 Academy er linja der vi tilpassar undervisninga til ditt nivå, enten du satsar på å slå igjennom som utøver, eller om du syns det er kjekt å game saman med andre. Her vil du blant anna lære meir om taktiske, mekaniske og det sosiale i spelet. Samtidig som du får lære meir om trening og kosthold. Læraren din har spisskompetanse innan FPSar som CS2 og Valorant, noko som du kan dra nytte av når du utviklar deg som spelar. 

På linja vil vi gjere mykje forskjellig. Kvardagen vil bestå av speling, konkurransar, arbeid med aim, taktiske ferdigheiter og kommunikasjon. Vi gjer også andre aktivitetar som go-kart, paintball og escape room! 

Bli betre i e-sport, kos deg med favorittspelet ditt, og ha ein aktiv kvardag med valfag som klatring, styrketrening og andre aktivitetar. Jobb saman med andre spelarar for å bli betre i alt frå kommunikasjon til taktisk forståelse. 

Sunnfjord Folkehøgskole har ein lang tradisjon som idrettsskule. Her på CS2 Academy vil vi bygge vidare på denne gode tradisjonen. Ved å fokusere på samhald og individuelle ferdigheiter, er målet at du skal bli betre både som enkeltperson og som lagspelar

Aktiv gaming

Uansett bakgrunn og erfaring vil du trivest på CS2 Academy.

  • Taktikk
  • Utvikle
  • Spelforståelse
  • Meistring 
  • LAN
  • Treningsstudio

Galleri

Sunnfjord Folkehogskole Esport Spiller Kontroller
Sunnfjord Folkehogskole Esport Basket
Sunnfjord Folkehogskole Esport Basketbane
Sunnfjord Folkehogskole Esport Fotball Skudd
Sunnfjord Folkehogskole Esport Spilling Ser
Sunnfjord Folkehogskole Esport Tastatur
Sunnfjord Folkehogskole Esport Headset
Sunnfjord Folkehogskole Esport Peptalk
Utstyr skulen stiller med
Sunnfjord Folkehogskole Esport Tastatur
  • Gamingdesk
  • Gamingstol
  • Fiber med kabla tilkopling
Utstyr du må ta med sjølv
Sunnfjord Folkehogskole Esport Spiller Kontroller
  • PC
  • Skjerm.
  • Tilbehør (t.d. headset, mikrofon, tastatur, mus)

Dette gjer vi

På linja vil vi gjere mykje forskjellig. Kvardagen vil bestå av speling, konkurransar, arbeid med aim, taktiske ferdigheiter og kommunikasjon. Vi gjer også andre aktivitetar som go-kart, paintball og escape room! 

Sondre Vikene
Sondre Vikene

Årene mine på E-sport Aktiv har vore som ein draum. Eg har fått utfordret meg og utviklet meg innenfor E-sport og gaming som var hovudfokuset når eg kom til Sunnfjord. Sammtidig har eg fått prøvd meg på mykje forskjellig idrett og trening, der eg har sett betydelig fremgang. Alt det kombinert med eit fantastisk miljø der eg har funnet mange heilt fantastiske venner. Gjør at årene mine på Sunnfjord er uten tvil mine livs beste år!

Syver Flem
Syver Flem

Passar linja for mitt nivå?

Denne linja er for alle som har interesse for gaming. Vi ønskjer alle velkommen, uavhengig av nivå. Det viktigaste er at du er motivert til å drive med dataspel og utvikle deg som utøvar og menneske.

Dette vil du lære

  • Taktikk i CS2
  • Utvikle aimen din 
  • Spelforståelse/Ingame-IQ
  • Variert trening og idrett 
  • Eit år med utfordringar og meistring 
  • Trene på vårt eige treningssenter
Larsskadal
Linjelærer E-sport Aktiv
Lars Skadal

Lars har konkurrert i landstoppen i CS:GO, og var aktiv utøvar frå 2014-2018. Ved sidan av dette har han drive mykje med fleire FPSar som Valorant, Overwatch og PUBG på høgt nivå.

Han har konkurrert på øverste nivå i Telia- og Altibox ligaen og FPL-C, og delteke i fleire internasjonale online turneringar som Quickshot Arena og Hitbox Invitational.  Her har han mellom anna spelt mot spelarar som MSL, Xantares, k1to og frozen. Lars driv også med idrettar som handball, basketball, volleyball og squash.