Valfag
Vi har mange dyktige fag-lærarar, det gir variasjon i valfaga. Du kan velje for å få større breidde i fagplanen din, eller du kan velje fag som liknar linjefaget ditt for å spesialisere deg. Du vel valfag tre gonger i løpet av året.

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Skulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.

På vår skule har vi lærarar frå mange land. Desse tek med seg sine mattradisjonar, noko du vil ha stor glede av i dette valfaget. Ein betaler for råvarer til matlaginga. Prisen kan variere litt.

Vi har klatrevegg på tolv meters høgde. Brattkort-sertifisering er inkludert i kurset. Skulen stiller det meste av utstyret til disposisjon.

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

For den som liker å synge. Har viktig funksjon i musikalen.

Jobbar fram imot musikaloppsettinga.

Vi diskuterer aktuelle saker med bakgrunn i filmdokumentar.

Å sette seg inn i viktige politiske saker. Du får diskutere standpunkta dine med dei andre.

Begynnaropplæring i pianospel.

Vi har nytt treningssenter. Lær å trene effektivt og riktig for å unngå feilbelastning.

Vi har av og til valfag for posisjonsspel, kun for dei som går på volleyballinja.

Lær å lage mat ute på tur. Meir spennande enn nistepakke!

Strikking er ein gammal handverkstradisjon som står sterkt i norks kultur. Nyttig å kunne lage sine eigne sokkar!

Lær å spele volleyball på mosjonsnivå! For dei som ikkje går på volleyballinja.

Kortare fjellturar i nærleiken av skulen. Vi bur midt i det beste turterrenget!

Varierte ballspel som passar for alle.

Backflip, salto, hopp, sprett og mykje moro! Valfag trampoline er i Sunnfjordparken. Den største trampolineparken mellom Ålesund og Bergen!