Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane seier dei ser verdien av eit slikt tilbod ved folkehøgskulen, og støttar den nye vektløftarlinja på Sunnfjord Folkehøgskule med gåvesjekk på 700.000 kroner.
Yngve Thorsen, gåve- og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, forklarar gåvesjekken med at dei er opptekne av å styrke kompetanse- og utdanningsmiljøet i Førde, og å ta vare på arven etter suksess-VM i vektløfting (Kjelde: Firda)