Sport Adventure på linjetur til Geilo

I byrjinga på oktober var Sport Adventure på sin årlege  linjetur til Geilo. 

Kvart år reiser Sport Adventure på linjetur til vakre Geilo. Hovudmålet for turen pleier å vere stisykling, men i år var sykkelløypene under resturering, utan at det var eit problem. Hallingdal byr nemleg må eit mangfald at naturaktivitetar, så det var mykje å velje i. 

Elevane fekk vere med på rafting på Dagali og utandørs klatring på Ål på dagtid og hyttekos, quiz og badstu om kveldane.