Tilpassa Sunnfjord på tur til Hakale-garden og Hoddevika

På linjeveka var Helse & Trening og Tilpassa Sunnfjord på surfetur til Hoddevika. Tilpassa Sunnfjord var også ein tur innom Hakale-garden. 

I år går tre av elevane våre på linja Helse og Trening. Varierte aktivitetar og idrettar både innomhus og i vår eigen vakre natur i Sunnfjord. I tillegg nyttar vi oss av flotte anlegg og natur i klatrepark og rafting på Geilo, gårdsbesøk og surfing i Hoddevika. Med ein sprek og kreativ linjelærar, og dyktige trygge miljøarbeidarar tett på elevane, meistrer vi å tilpasse aktivitetar til deira evner, interesser, samtidig som dei meistrar mykje meir enn dei kunne ha drømt om.

Det er godt å komme seg ut og oppleve, oppdage verden og seg sjølv. Få nye perspektiv, tenke litt nytt. Oppdage seg sjølv og kvarandre på nye måtar.

Ingelinn fekk prøve å ri bølger for første gang, i deilige bølger i Hoddevika. Katrine sin absolutte lidenskap er hestar, og ho fekk heller ri på ein trygg hesterygg på Hakallegården

Image (3)
Kathrine som har funne seg ein hest!
Image (4)
Kathrine på hesteryggen
Image (5)
Ingelinn kosar med sauene