Volleyball JENTER haust

Vil du spele volleyball? Gjennom trening, kampar og turneringar ynskjer vi at du skal få kjenne på idrettsglede, samhald og meistring.

Søk nå
IMG 2150
Lag

På volleyballinja kan du få konsentrere deg om volleyball eit heilt år. Du får kombinere toppsatsing med eit spennande  folkehøgskuleår.

Volleyballinja er størst og eldst i sitt slag i Norge. Mange av dagens elitespelarar har vore elevar hos oss. Vi skal spele i 2.divisjon og delta på ulike turneringar.

På volleyballinja kan du få konsentrere deg om volleyball eit heilt år. Du får kombinere toppsatsing med eit spennande  folkehøgskuleår.

Volleyballinja er størst og eldst i sitt slag i Norge. Mange av dagens elitespelarar har vore elevar hos oss. Vi skal spele i 2.divisjon og delta på ulike turneringar.

Kven passar volleyballinja for?

På linja forventar vi at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og kunnskapar om volleyball.

Det vert lagt opp til ei høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag.

Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring!

Volleyballinja har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede, meistring og lagspel er sentralt i alt vi gjer.

Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana.

Med andre ord: Menneske først, så volleyball.

 

 

Fotograf Nigel Boyce:

IMG 2151
Mg 9701 495X400
20240111 Volleyuka Z9 0173 Original
IMG 2150 (1)
Natalie 2
"The Sunnfjord Spirit"

«The Sunnfjordspirit» er ei kraft som vert skapt ved at vi står saman og dreg i same retning. På Sunnfjord er vi kvarandre sine tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både på bana og i livet. «The Sunnfjordspirit» har avgjort mange jamne volleyballkampar!

Styrke og skadeforebyggjandetrening

Som elev på Volleyball vil du få tilgang til treningsstudio på skulen. Du vil få eit styrkeprogram tilpassa for volleyball og oppfølging av fysisk trenar. Om du vært skada vil du også få oppfølging på opptrening av fysioterapeut.

Dersom du har erfaring på høgt nivå

Har du erfaring fra elite- eller juniorlandslag? Sunnfjord IL kan tilby overbyggingsavtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge.

Frida Skjelvik Aune
Frida Skjelvik Aune2

«Volleyballinjen på Sunnfjord er et skikkelig godt miljø hvor du både får utviklet deg som volleyballspiller og blir kjent med mange fantastiske mennesker. Det er et sted man får venner for livet».

Renate Sandnes
Renate Sandnes

"Jeg lærte mye av teknikk, samspill og det å gjøre hverandre gode. Jeg opplevde utvikling både som volleyballspiller og som menneske. Å være en del av The Sunnfjord Family er noe alle burde oppleve. Året på Sunnfjord har betydd mye for meg".

Aarsethjohnsverre
Linjelærar Volleyball
John Sverre Aarseth

John Sverre er lærar på volleyballinja. 

Han har idrettsutdanning frå USN og NVBF si trenar 3-utdanning. Då John Sverre var aktiv, spelte han for ulike klubbar i 1.divisjon og eliteserien. Dei siste åra har han jobba på som lærar på vidergåandeskule innan idrett og kroppsøving før han i 2019 kom til Sunnfjord.

Tuftotelie
Lærar Beach og volleyball
Otelie Tuft

Otelie er trenarutdanna på Norges Idrettshøgskole, og tidlegare elev og stipp på Sunnfjord Folkehøgskule. Ho spelar aktivt på øvste nivå i serien.

Toremil
Lærar volleyball
Tor Emil Foslid

Tor Emil har vore lærar på Sunnfjord sidan 2016. Han er utdanna innan idrett og historie. Han har lang spelar- og trenarerfaring og har spelt for ulike klubbar i 1.divisjon og eliteserien.