Ine har bakgrunn som profesjonell vektløftar, der ho har NM og EM-medaljer, samt både norske og nordiske rekorder. Ho har jobba som timelærer ved Nord Jylland Idrettshøgskole, har vore landslagsansvarleg for ungdom og juniorlandslaget. Trenar i internasjonale mesterskap. Trenar i vektløfting i Dubai.
Functional Fitness & Vektløfting
Har du lyst å smake på korleis det er å vere toppidrettsutøvar? På linja Functional Fitness & Vektløfting får du kombinere dess
Functional Fitness & Vektløfting reiser til Sri Lanka på linjetur. Skulen har gjennom ei årerekke reist til Sri Lanka og kjenner landet godt. Dette gjer til at vi kan sy saman eit opplegg der vi plukkar ut dei beste reisemåla. På turen fokuserer vi på trening gjennom ulike aktivitetar og ikkje minst opplevingar, der du vil få oppleve mykje av det Sri Lanka kan by på.
Vi skal besøke den berømte Sigiriya-klippa, som står på Unesco si verdsarvliste. Du får oppleve ulike strand- og vatn-idrettar som t.d. surfing, rafting, dykking og fjellturar. Du vil også møte på ville elefantar, aper og mange fleire dyr i nasjonalparken vi besøker. Vi skal sjølvsagt også nytte oss av dei endelause sandstrendene som omkransar nesten heile øya. Det blir ein kombinasjon av trening og opplevingar rundt i landet. På Sri Lanka får du oppleve nokre av dei finaste strendene i verda.