Slow Fashion

Er du opptatt av å skape din eigen stil samtidig som du er miljø-smart? Her lærer du mønsterkonstruksjon og materialkunnskap, slik at du kan lage klede som passar akkurat DEG på alle måtar.

Søk nå
Sunnfjord Folkehogskole Slow Fashion Hand
Sunnfjord Folkehogskole Slow Fashion Bukse

Fokus!

Redesign og fokus på gjenbruk blir kombinert med syferdigheiter, og du får eit klesskap med minimalt økologisk fotavtrykk. Du får du opplæring i saum av ferdige mønster og mønsterkonstruksjon. Ein lærer om ulike materialar, slik at du kan lage klede som vil vare lenge. Det blir også fokus på ulike reparasjonsteknikkar. Truleg vil du oppdage at klede du legg mykje arbeid i, blir desto meir verdifulle for deg.

På din måte
  • Å sy etter ferdige mønster
  • Å tilpasse mønster til din eigen kropp
  • Å konstruere mønster ut i frå eigne mål
  • Å sy på vanleg symaskin og overlockmaskin
  • Å kjenne att materialar som er berekraftige og haldbare
  • Å styre unna materialar som er miljøskadelege eller ikkje berekraftige
  • Ulike reparasjonsteknikkar
  • Å lage ein berekraftig garderobe
  • Å ta gode bilete av det du lagar
  • Lære strikking og garnfarging
Sunnfjord Folkehogskole Slow Fashion Knappenal

Bli inspirert!

Vi hentar inspirasjon frå det meste, og lærar å utnytte alt!

Sunnfjord Folkehogskole Slow Fashion Ute
Sunnfjord Folkehogskole Slow Fashion Symaskin
Sunnfjord Folkehogskole Slow Fashion Knappenal
Sunnfjord Folkehogskole Slow Fashion Smil
Sunnfjord Folkehogskole Slow Fashion Klippe
Sunnfjord Folkehogskole Slow Fashion Klippe2
Sunnfjord Folkehogskole Slow Fashion Knapp
Sunnfjord Folkehogskole Slow Fashion Bukse
Den perfekte garderobe

Ein garderobe som er snill mot miljøet treng ikkje å vere kjedeleg, eller bestå av veldig få plagg. Her lærer du det du treng for å skape ein perfekt garderobe.

Passer linja for meg?

Linja passar for deg som ønskjer å skape dine eigne klede, lære syferdigheiter og som tenkjer at det er bra å bruke litt tid på å produsere eigne plagg. Du treng ingen forkunnskapar. Du treng ikkje å kunne sy frå før, og du må vere innstilt på at det kan ta tid å få gode resultat. Du må vere villig til å prøve, feile og prøve igjen, vere lærevillig og utforske dine kreative sider.

Slow Fashion

Kanskje du er lei av å støtte eit overforbrukssamfunn. Eller du synes at det er vanskeleg å finne klede som sit akkurat som du ønskjer. Eller du synes at trendar ikkje alltid passar deg. Då er dette linja for deg. 

Sunnfjord Folkehogskole Slow Fashion Hender
Sunnfjord Folkehogskole Slow Fashion Ute

Studietur til London og Paris!

Vi besøker messer, motehus, organisasjonar og bedrifter som er relevante for oss. I tillegg er desse turane veldig viktige for det sosiale miljøet. Det å reise i lag, og spesielt å reise sakte i lag, gjer at vi blir godt kjende med kvarandre, og ser mange sider ved kvarandre. Vi blir tett knytte saman, og får minne for livet. Bli med då vel!

Maija
Linjelærer Slow Fashion
Maija Egge

Maija er lærar på redesign-linja, og har interesse for alt ein kan lage av stoff og garn. Denne interessa kom for fullt for nokre år sidan, og no brukar ho det meste av fritida si til å lage eigne klede. Ho har kurs i bunadssaum, skjortesaum og mønsterkonstruksjon. Ho synest det beste med å sy er at ein kan skape sin eigen berekraftige garderobe med akkurat dei plagga ein har lyst på. No ønskjer ho å inspirere andre til å lage sine eigne klede, og vise at det faktisk går an å sy akkurat det ein har lyst til (med litt tid og tolmod, riktig nok).